Janitsjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg janitsjarkorps.
Janitsjararar som patruljerer i Izmir. Oljemåleri frå kring 1828 av Alexandre-Gabriel Decamps.

Janitsjarane var elite-infanterisoldatar som tente som den osmanske sultanen sine livvakter. Stort sett var desse av ikkje-tyrkisk opphav frå Det osmanske riket. Ordet stammar frå osman-tyrkisk: يڭيچرى (yeniçeri) og tyder «ny soldat». Dei vart oppretta på eit tidspunkt på 1200-talet og vart oppløyst av sultan Mahmud II i 1826.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Nokre tyrkiske kjelder oppgjev at Orhan I var han som oppretta janitsjar-avdelinga, men dei eksisterte som ei fast avdeling i hæren frå 1362 under sultan Murat I. Hovudsakleg nytta dei seg av unge kristne krigsfangar. Janitsjarane vart den første profesjonelle hæren til Det osmanske riket og vart ofte sett inn der sultanen hadde behov for nokre han kunne stole på.

Tydinga av janitsjarane[endre | endre wikiteksten]

Janitsjarane skilde seg ut frå andre osmanske einingar på fleire måtar. Dei vart betalt i kontantar og ikkje i tjuvgods og timars (erobra landområde) som var vanleg på den tida. Dei hadde uniformene sine og marsjerte til den spesielle musikken sin spelt av mehterân.

Det osmanske riket var den første staten som hadde ein profesjonell hær sidan Romarriket. Soldatane budde i brakker saman og tente som politimenn og brannvesen i fredstid. Dei vart òg betalt med kontantar kvartalsvis i fredstid, noko som skilde seg ut frå praksisen for soldatar på denne tida som berre fekk betalt under krigstid.

Janitsjanarar byrja å nytte seg av muskettar veldig tidleg. Første gongen var tidleg på 1400-talet og frå 1500-talet var avdelinga fast oppsett med muskettar som våpen i motsetnad til det tidlegare brukte sverdet og spydet. Dei tok òg i bruk tidlege granatar og handkanoner.

Janitsjarane hadde òg sitt eigne medisinske apparat som følgde med dei overalt. Dei bestod stort sett av muslimske og jødiske kirurgar som hadde utvikla metodar for å frakte såra og sjuke til feltsjukehus.

Mykje av dette saman med ein imponerande krigshistorie førte til at janitsjarane vart studert av utanlandske statar.

Oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Janitsjarane vart etterkvart klår over sin eigen status, og byrja å krevje betre tilhøve. Dei stod bak fleire opprør, det første i 1449, og avsette fleire sultanar som motsette seg dei, blant dei Osman II og Selim III.

I 1826 starta sultan Mahmud II ei ny avdeling, kavaleristane Sipahi. Då janitsjarane vart klår over dette starta dei eit nytt opprør, men i motsetnad til tidlegare støtta korkje folkesetnaden eller andre delar av hæren dei og dei vart tvinga tilbake til brakkane sine. Der vart dei bombardert med artilleri. Dei som ikkje døydde i dette åtaket vart seinare avretta eller sende i eksil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]